IL Rein vart skipa i 1923, men det var og organisera aktivitet i åra før, då hovudsakleg ski. Dei fyrste åra hadde laget namnet Jerv, men når dei i 1931-32 skulle melde seg inn i skiforbundet, så visa det seg at det var eit lag i
Haugesund som hadde dette namnet så då måtte dei finne på eit nytt namn og det vart IL Rein. IL Rein feira 50 år i 1973.

Hovudaktiviteten til laget er ski, fotball, skileik og trim/orientering.

IL Rein arrangerer også Haukelirennet som er eit internasjonalt turrenn på fantastiske Haukelifjell. Rennet går i fristil og har klasser for alle nivå og aldrar – både med og utan tidtaking. Eliten, aktive skiløparar, mosjonistar, ungdommar, barn, trimmarar og heigjengar er på plass på Noregs blidaste turrenn. 

IL Rein er eit dugnadsbasert lag der all aktivitet skjer på dugnad, og er difor avhengig av at medlemmar bidreg, me har to store dugnader i året det er på Dyrskun og Haukelirennet.

Våre grupper

Fotball

Arrangerer fotballtreningar og kampar for ungane, samt drift og vedlikehald av fotballbanen.

Ski

Arrangerer skitreningar, barmarkstrening, skikarusell og Vest-Telemark karusell, samt drift og vedlikehald av ljosløype.

Trim og orientering

Arrangerer trimturar for alle aldrar, organisering av stolpejakten og utplassering av trimbøkar sumar og vinter.

Skitrekket

Arrangerer skikjøring i skiheisen på Sundflaten i vintersesongen, samt driftar og vedlikehalder heisen og bakkene.

Husstyret

Drifte og vedlikehalde klubbhuset på Sundflaten.

Haukelirennet

Planlegge og gjennomføre Noregs blidaste turrenn med over 1000 deltakarar.

Hovudstyret

Hovudstyret er samansett av dei enkelte gruppeleiarane, leiar og kasserar. Det å vera i styret er interessant og givande der ein ser konkrete resultat kvar einaste vike. Me arbeider aktivt med å sikre fornuftig drift. Har du lyst på å vera med så ta kontakt med leiar  Sjå kven som sit i hovudstyret.

Medlemskap

Me har bevisst valt låg medlemsavgift for at det skal vera eit tilbod for alle, for dette får du mange fordelar men det betyr au at kvar enkelt må gjera eit bidrag. Les meir om medlemskap i klubben.