IL Rein planlegg med fest for å feire 100 år. Seiste store markering var 50 års festen i 1973. Me er ein komite som arbeider med dagen, det blir noko for alle med fleire aktivitetar på dagtid, middag og fest for alle på ettermiddag /kveld.
Detaljera program vil koma seinare men set av dagen om du vil vera med på festen.
Er det nokon som sit med bilet/film av aktivitet i laget eller har andre gode påfunn så tak kontakt med Knut Rosenkar på mail; leiar.ilrein@gmail.com