Då har ei postkasse teke vegen til Songa. Den heng på ei bjørk i vegaveita på høgre side når ein kjem frå bygda, ca 200 m etter kamerastolpen til bomvegen, ved Skarstøylhaugen. Den er noko anonym, men det er ikkje så mange postkasser i området, så det bør gå greit og finne den.
Det gjeng an og parkere på parkeringa til Knut Olav mot avgift. Sjå skilt der oppe. Frå parkeringa og inn til boka er det ca 3 km. Vegen inn har jamn stigning, men så får du ein "gratis tur" heim att. Kring 200 m i høgdeforskjell frå parkeringa til boka. Ein gjeng langs den kommunale skutertraseen, og såleis passar det bra om du feks dreg på pulk eller har med deg bikkja.
Ein kan også parkere langs Fv 362 på Roe og gå beint over Flatafjødd. Då kan ein få med to bøkar i ein tur!