Styret innkallar hermed til årsmøte i IL Rein

Årsmøtet gjennomførast Torsdag 23 mars på Sundflaten 

Årsmøte for born og ungdom kl. 1800-1900, med servering av pizza og brus.

Ordinært årsmøte kl. 1930 på Sundflaten, med enkel servering

I år skal me prøve noko nytt, i forkant av ordinært årsmøte vil me gjennomføre “barn og unges årsmøte”, der me vil forklare kva me i styret arbeider med i IL Rein. Me ynskjer innspel frå ungdommen på positive ting og ting me kan gjera betre, så forbered deg gjerne med nokre spørsmål og forslag.

Påmelding til årsmøte sendast til elinhaugo@yahoo.no, merk påmelding "årsmøte born og ungdom" eller "ordinært årsmøte"